Sommarles 2017

Aktuelt   

BLI MED PÅ DEN KULASTE LESEKAMPANJEN I SOMMAR!
Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7.klasse, delta på Sommarles 2017, saman med barn frå 300 andre kommunar i landet!

GOD SOMMAR MED SOMMARLES 2017!

Me har utvikla Sommarles for å gjere lesing endå litt kjekkare. For kvar bok du les og registrerer på sommarles.no, får du XP (poeng), og går etter kvart opp i level. Sommarles er for alle, uansett kor fort
eller sakte du les. Du konkurrerer nemleg først og fremst med deg sjølv. Du kan velje å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller kanskje nokon kan lese høgt for deg – all lesing tel og gir deg poeng. Og sjølvsagt har vi premiar! Du kan få både kule digitale trofé til profilen din på nettsida,
og premiar som du hentar på biblioteket.

Sommarles er ein nettbasert kampanje. På nettsida sommarles.no kan du lage din eigen profil, registrere bøker, få lesetips, løyse oppgåver og følge med på kva vennene dine les. Her får du også
tilgang til ei superspennande fantasyforteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Sjekk ut sommarles.no for meir info.

Har du ikkje nettilgang, kan du likevel delta med eit vanleg lesepass . Då er det berre å stikke innom biblioteket for å få hjelp med det.

Til foreldre/føresette
Sommarles er ein lesekampanje laga for å motivere barn til å lese av eigen lyst. Det skal vere gøy å vere med på Sommarles! I tillegg får barn som les bøker i løpet av sommaren, halde oppe leseferdigheitene sine gjennom ein lang ferie. Nokre barn les på fritida utan noko ekstra motivasjon. Dei barna som ikkje gjer det, risikerer å stille med eit dårlegare utgangspunkt, når skulen startar opp igjen etter sommarferien. Vi håper at de vil hjelpe oss med å motivere barnet dykkar til å vere med på Sommarles.

Sommarles er ein flott lesekampanje, uansett kvar de skal feriere i sommar. Ta turen innom sommarles.n o for meir info – eller besøk ditt lokale bibliotek!

GOD SOMMAR MED SOMMARLES 2017!