Forteljarstunder med Asbjørg

Aktuelt   

Asbjørg Aasebø har vore rektor ved Kolbeinsvik skule i mange år, men er no ein aktiv pensjonist. Ho likar å lesa, både for seg sjølv og andre. Det kan vi no få glede av.

Denne hausten har Asbjørg Aasebø delteke på inspirasjonsseminar for leseglade i regi av Hordaland fylkesbibliotek.  Utover hausten har Asbjørg sagt seg viljug til å ha forteljarstunder for barn i skular og barnehagar, også i folkebiblioteket. Neste veke er ho travelt oppteken med å ha lesestunder for elevane i Montessori-skulen, som gler seg til å få henne på besøk. Vi oppmodar skular og barnehagar til å ta kontakt med biblioteket om de ynskjer å koma på eventyrstund med Asbjørg.