Me tilbyr

Illustrasjonsfoto

På biblioteket kan du finne:

  • Tusenvis av bøker av alle slag
  • Aviser og tidsskrifter
  • Lydbøker, filmar og spel
  • Teikneseriar
  • Gratis kaffi og gode sofaer
  • Stadar til å lese og studere
  • Selbjørn fiskerisogelag har si samling av bøker ståande i biblioteket. Det meste av dette materialet er søkbart i katalogen og tilgjengeleggjort for utlån.

 

Alle er velkomne i biblioteket. Du kan lesa bøker, aviser, tidsskrift, bruka PC, arbeida med studie og lekser – eller rett og slett slå av ein hyggeleg prat med andre bibliotekgjester. Barna dine kan kose seg i barneavdelinga med spel, puslespel eller teikning. Dersom du vil låna med deg noko heim, eller lasta ned e-bøker, til dømes heimefrå, må du ha lånekort.

Lånekortnasjonalt_laanekort

Alle barn i Austevoll kommune kan få lånekort frå fylte 6 år. Barn under 16 skal ha godkjenning frå foreldre. For å lage lånekort treng me namn, adresse og fødselsdato, eventuelt telefonnummer og e-postadresse. Dei lånekorta som brukast no, kan brukast i bibliotek over heile landet, når du vert registrert med fullt personnummer.