Press reader

På folkebiblioteka i Hordaland kan du no lese og ta med deg heim aviser og tidsskrift frå meir enn 100 land på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin.

pressreader

PressReader gjev deg nye aviser og tidsskrift i komplett digital utgåve. Vel mellom meir enn 6000 aviser og tidsskrift frå 125 land på 60 ulike språk. Les dei i biblioteket eller last dei ned til din eigen eining og ta med deg heim. Når du bruker biblioteket sitt nettverk kjem du rett inn i tenesta frå http://www.pressreader.com/.

No kan du òg laste ned aviser og tidsskrift i inntil 72 timar etter at du har vore logga på PressReader i biblioteket.

Her finn de vår brukarrettleiing for PressReader, hjå PressReader sjølv finn de ei enkel brukarrettleiing på fleire språk. Og her kan de òg finne nokre filmar med rettleiing for dei som forstår engelsk.