Godt nytt år!

Aktuelt   

I det nye året 2019 skjer det mykje.

Biblioteket utvidar den betjente opningstida på laurdagar med to timar, og er dermed betjent mellom kl. 12 og 16 kvar laurdag. Elles er opningstidene dei same som tidlegare, med unntak av at det blir kveldsope kun ein dag i veka. I tillegg kan vaksne skaffe seg tilgang til meirope bibliotek i heile torget si opningstid ved å ta kontakt med bibliotekaren.

Vi ynskjer at biblioteket skal vera ein arena som fleire kan bruke, og vil søkje å leggja til rette for at lokale lag og foreiningar kan kome og nyttiggjera seg biblioteklokala. Ta kontakt om du treng ein plass til møter eller arrangement, så vil vi legge til rette så godt det let seg gjera.

Biblioteket vil også sjølv arrangere diverse kulturelle og aktuelle hendingar for ulike grupper.

Ynskjer du å vera frivillig ved arrangement i biblioteket? Ta kontakt med bibliotekaren eller Frivilligsentralen.

Velkomen til eit godt nytt bibliotekår i 2019!