Sommar på biblioteket

Aktuelt   

Biblioteket har om sommaren like mange opningstimar som elles i året, men har ikkje betjent opningstid etter kl. 15 på kvardagar.

Om du eller ditt lag/organisasjon ynskjer å ha ditt eige møte/arrangement på biblioteket ber vi deg om å ta kontakt med biblioteksjefen på førehand. Vi reserverer plass etter behov så langt det let seg gjera. Det er fint om det i så fall er fleksible arrangement, av di mange brukarar har meiropen tilgang til biblioteket i heile torget si opningstid, og ein må difor rekna med at det oppheld seg fleire folk i biblioteket til ei kvar tid. Barnebursdagar og liknande arrangement kan lokalet diverre ikkje nyttast til.  Om sommaren er det og mange tilreisande båt- og hytteturistar som er flittige bibliotekgjester. Biblioteket ynskjer å vera ein inkluderande og open møteplass for alle, og ein stad der kontaktar knytast og nye venskap oppstår. Opningstidene ser du i eigen rubrikk på biblioteket si heimeside. Velkomen også til meirope bibliotek!