Sommarles 2019

Aktuelt   

Bli med på sommarens kulaste konkurranse! Registrer deg på sommarles.no, få tøffe premiar og bli invitert på sommarles-fest til hausten.

Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse, delta i Sommarles 2019

Sommarles.no gjer det ekstra morosamt å lese

Sommarles finn du på https://sommarles.no/ mellom 1. juni og 31. august. Her kan du registrere dei bøkene du les, få lesetips, og tilgang til ei spesialskriven og superspennande fantasy-forteljing av forfattaren Mari Moen Holsve.

Du samlar XP (poeng) ved å løyse oppgåver, stikke innom biblioteket for å hente kodeord og framfor alt – lese så mange bøker du berre orker i løpet av sommerferien! Du vinn digitale troféar i tillegg til små premiar som du kan hente på biblioteket. Det er mange ulike premiar å velje mellom, og du får beskjed i spelet når du har samla nok XP til å hente ein premie.

Sommarles.no er for alle, uansett kor fort eller sakte du les. Viss du synest det er vanskeleg å lese mykje, kan du høyre lydbøker, bli lese for, eller lese saman med nokon. Biblioteket ditt har lydbøker til utlån. Du kan også finne lydbøker og e-bøker i Bookbites-appen. Bookbites gjer at du kan låne digitale bøker frå biblioteket, og lese eller lytte til dei på telefonen eller nettbrettet ditt.

Du kan også lese bøker på andre språk enn norsk. Snakk med dei som jobbar på biblioteket om korleis du kan registrere slike bøker, dersom dei ikkje ligg i basen.

Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker eller teikneseriebøker. All lesing tel og gir deg XP.

Korleis kan eg delta?

  • Spør dei vaksne du har heime om lov til å delta. Ha lånekortet ditt klart. Finn du ikkje lånekortet kan du skrive 0 i feltet for lånenummer.
  • Lag deg ein profil
  • Finn, lån og les bøker!
  • Få XP (erfaringspoeng) og kule trofé ved å
    1. lese mest mogleg! Registrer alt du les! Jo meir du les, jo fleire XP får du.
    2. lese eit nytt kapittel annakvar veke i den norrøne fantasy-forteljinga «Ved verdens ende», skriven av forfatter Mari Moen Holsve. Få poeng for å løyse oppgåvene knytt til forteljinga.
    3. hente kodeord på biblioteket annakvar veke.
  • Undervegs i spelet gjer du deg også fortent til små premiar som kan hentast på biblioteket ditt. Du vil få beskjed i spelet når du har nok poeng.

Informasjon til dei vaksne

1. juni går startskotet for Sommarles 2019. Saman med barn frå over 380 andre kommunar, kan alle barn i 1. – 7. klasse i kommunen vår vere med på Noregs mest omfattande lesekampanje. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok meir enn 105 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese av eiga lyst i løpet av ein lang sommarferie.

Det skal vere gøy å vere med på Sommarles.no! Barn som les jamleg i løpet av sommaren, held lesedugleiken ved like gjennom ferien. Nokre barn les på fritida utan ekstra motivasjon, men vi veit også at dei barna som ikkje gjer det, stiller med eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart neste år. Vi håper at de vil hjelpe oss med å motivere barna dykkar til å vere med på Sommarles.no.

For å bli med på Sommarles, må barna gå inn på nettsida og lage seg ein profil. På grunn av barna sin alder, må føresette gje samtykke til at barna tek del i lesekampanjen, og barna må bruke føresette si e-postadresse. Innhaldet på nettstaden vert overvaka av bibliotekarar frå heile landet, slik at innhaldet til ei kvar tid er av positiv karakter.

Sommarles.no er ein flott lesekampanje uansett kor de skal feriere i sommar. Ta turen innom Sommarles.no for meir informasjon – eller besøk biblioteket der de er.

Deltakarane kan lese alle typer bøker. Dei kan også høyre lydbøker eller bli lest for av nokon som er flinke til å lese.

Ein kan ikkje registrere lesing av aviser (med unntak av Aftenposten jr.), oppslagsverk (som til dømes leksikon og atlas) og blader (til dømes Julia, Wendy, Bamse og Donald). Det er lov å registrere all lesing av bøker med tekst, bilete eller teikneseriar.

Informasjon til lærarar

Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje i regi av biblioteka. Målet er at flest mogleg barn skal lese mest mogleg i løpet av sommarferien.

Sommarles nyttar element frå digitale spel for å motivere til lesing, fordi vi veit kor viktig det er med god lesedugleik. Forsking frå England og USA viser at barn som ikkje les i løpet av sommaren, mistar inntil tre månader lesekompetanse, medan barn som deltek i lesekonkurransar, taper minimalt.

Møreforsking Molde har forska på kva effekt Sommarles har på lesekompetansen til elevane. Resultata er ikkje analysert ferdig enno, men kjem i løpet av kampanjeperioden 2019. I nyaste nummer av fagbladet Bedre skole kan du lese ein artikkel om Sommarles og dei mellombelse resultata ein har sett.

2018 var eit rekordår for Sommarles, med godt over 100 000 leseglade barn som deltok, men vi ønsker endå fleire barn velkomne! Kampanjen startar 1. juni kvart år, og blir avslutta den 31. august.

Lesekampanjen sin suksess heng saman med god draghjelp frå mange lærarar. Ved å hjelpe oss med å reklamere for Sommarles.no før sommarferien, får barna ein god start, og dei kan kome godt i gang med lesinga før sommarferien startar. Undersøkingane våre har vist at det er gjennom lærarane vi når flest barn. Vi håper difor at de vil hjelpe oss med å spreie bodskapen om kampanjen til elevane – resten av arbeidet tek biblioteket seg av.

 

Avspark for 2019-kampanjen

I 2019 vert Sommarles sparka i gang allereie onsdag 29. mai, med eit direktesendt show som vert strøyma via YouTube.

I fjor deltok om lag 26% av alle 1.-7. klassingar i landet på Sommerles, men for å få med endå fleire barn, treng vi hjelp frå dykk ute i skulane. Vi håper difor de vil sette av ein halv time av undervisninga til å la barna følge det direktesende showet, onsdag 29. mai, kl. 10.30-11.00. 

Livesendinga vert strøyma på YouTube-kanalen til Vestfold fylkeskommune. Alt de treng er eit klasserom eller auditorium med storskjerm, nett-tilgang og lyd. I studio får vi mellom anna besøk av forfattarane Mari Moen Holsve og Jørn Lier Horst, det blir intervju og framvising av Sommarlesfilmen for i år. Vi har også nokre artige overraskingar på lur!

 

Vi treng hjelp frå dykk

Vi ber om hjelp til å

  • dele ut informasjonsskriv som elevane kan ta med seg heim til dei vaksne
  • legge til rette for at elevane kan følge Sommarles-showet direkte på skulen
  • snakke med elevane om Sommarles, og oppmuntre dei til å delta

Ettersom Sommarles.no er ein digital lesekampanje, treng vi løyve frå foreldra til at barna skal kunne delta. Difor må sjølve registreringa skje heime, og ikkje i fellesskap på skulen.

Sommarles.no er for alle, både superlesarar, gode lesarar, middels gode lesarar og også dei som treng litt  hjelp, eller berre er i ferd med å lære seg å lese. Då kan nokon lese høgt for dei, eller dei kan høyre på lydbøker.

Ta kontakt med biblioteket ditt dersom du lurer på noko meir om kampanjen i din kommune.

Kven står bak sommarles.no?

Sommarles.no er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti AS. Dei fleste fylkesbiblioteka i Noreg har blitt samde om å halde fram med kampanjen i fellesskap, og arbeidsgruppa går på omgang mellom fylka. I 2019 vert arbeidet leia av Finnmark fylkesbibliotek, Østfold fylkesbibliotek og Snuti AS.


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek