Nytt tilbod på biblioteket ditt

Nytt tilbod på biblioteket ditt

Aktuelt   

Kva kan du få tilgang til?

Alle dokument som vert publisert i Noreg skal avleverast til Nasjonalbiblioteket etter Pliktavleveringslova. Føremålet er å bevare og gjere tilgjengeleg vitnemål om norsk kultur og samfunnsliv som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Kva er nytt?

Etter den siste revisjonen av Pliktavleveringslova kan Nasjonalbiblioteket gi tilgang til pliktavlevert materiale gjennom lisensar. På den måten kan innbyggjarane få tilgang til materialet i sitt næraste bibliotek i staden for å måtte reise til Nasjonalbiblioteket for å få tilgang.

Korleis?

Du må søke om tilgang ved å logge deg på tenesta med din Feide-id eller MinID: https://www.nb.no/auth/login.html?returnTo=https://www.nb.no

Du får tilgang til dokumenta med strømming, og må vere i biblioteket for å nytte tenesta. Tilgangen varar i 8 timar. Du kan ikkje laste ned eller vidareformidle materialet.

Materialet du får tilgang til er verna av opphavsretten, og tilgangen er difor strengt regulert. Dette er årsaka til at du som brukar må søke om tilgang, identifisere deg og stadfeste at du skal nytte materialet til forsking eller dokumentasjon.

Kor finn eg meir informasjon?

Du finn du meir informasjon om tilgang til pliktavlevert materiale på Nasjonalbiblioteket sine nettsider.


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek