Biblioteket opnar igjen

Aktuelt   

Frå måndag 18. mai opnar biblioteket att med reduserte opningstider, og vi ynskjer deg som lånar velkomen inn.

Nokre nye reglar har vi måtta innføre for å kunne opne for besøk. Det står antibac ved inngangsdøra, som vi vonar du brukar før du kjem inn. Vi ynskjer ikkje at du skal opphalde deg lenge i biblioteket, og oppmodar alle  til å ikkje bruke meir enn 15 minutt på besøket. Vi tek ikkje imot klassebesøk eller grupper av lånarar, og oppmodar difor til at ein vaksen lånar med seg bøker til heile familien. Helst vil vi ikkje ha fleire enn 5 besøkande inne samstundes.

Tilgangen til meirope bibliotek er stengt.

Det er kun opna for utlån og innlevering, og innlevering skal skje direkte i kassen ved døra. Om du ynskjer hjelp til å fjernlåne bøker vil vi helst ha bestilling på e-post til folkebiblioteket. Teknisk utstyr som PC og kopimaskin vil førebels ikkje vera tilgjengeleg til bruk for besøkande. Spelrommet er nok også stengt. Du kan sjølsagt ha med ditt eige nettbrett og logge deg på vårt gjestenett.  Det er redusert tilbod av aviser og tidsskrift. Ver venleg og ikkje ta for mykje på bøker eller filmar du ikkje vil låne.

Om du er sjuk må du sende nokon andre for å låne til deg. Ta gjerne kontakt på førehand, så finn vi fram ønska litteratur til deg.

Vi vil ikkje tillate mat og drikke i biblioteket.

Elles gjeld dei vanlege hygienereglane, og desse finst også som oppslag i biblioteket. Hald god avstand til andre, minst ein meter. Alt vil bli bra igjen!

NB: Hugs å ta med lånekortet, og bruk utlånsautomaten!