Digitale kjelder i lokalhistorisk arbeid

Interessert i å granske slekt eller lokalhistorie? Sverre Halleraker har forska i og skrive om lokalhistorie over fleire år. Her får du tipsa til kjelder han brukar og korleis han går fram for å jakte på innsikt i levekåra og enkeltskjebnane bak tala og skriftene.

Innleiing

Interessa for lokalhistorie og slektsgransking har auka sterkt dei siste åra. For dei som har denne interessa, har tilgangen til arkivmateriale blitt mykje enklare og større i seinare tid. Mykje av arkivmaterialet er no digitalisert, og dermed gjort tilgjengeleg på internett. Mange av dei digitale kjeldene er systematiserte og kategoriserte, slik at ein enkelt kan søke seg fram til den informasjonen ein er på jakt etter. I denne artikkelen skal du få bli kjent med nokre av dei viktigaste kjeldene som lokalhistorikarar og slektsgranskarar nyttar, og som no altså har blitt tilgjengelege digitalt. Du skal også få eit innblikk i korleis ein kan gå fram for å finne informasjon i dei digitale kjeldene.

Digitale kjelder i mitt arbeid

Portrett av artikkelforfattaren, Sverre Halleraker. Foto.

Sverre Halleraker. Privat foto.

Eg har drive med lokalhistorisk arbeid og forsking i fleire år, og har publisert 34 artiklar om lokalhistorie frå Sveio. Alle desse artiklane er tilgjengelege på nettstaden min. I arbeidet med artiklane brukar eg i stor grad digitale kjelder, noko som sparar meg for mykje tid og arbeid. Det har teke litt tid å finne ut av korleis ein finn fram i dei digitale arkiva, men etter litt trening går det greitt å finne fram.

Alternativet til digitalt kjeldearbeid er å finne kjeldematerialet i dei arkiva kor det er arkivert og lagra. Det lokale kjeldematerialet er lagra i ulike arkiv, som også har ulik geografisk plassering. Det meste av det lokalhistoriske kjeldematerialet er arkivert i statsarkiv, i interkommunale arkiv, eller på Riksarkivet. I mitt arbeid med lokalhistorie har eg i hovudsak brukt tre ulike hovudgrupper av digitale kjelder, nemleg folketeljingar, panteregister og pantebøker, og dessutan presten si ministerialbok. Alle desse kjeldene finn me i Digitalarkivet.

Vidare i denne artikkelen skal eg bruke kjeldearbeidet som blei gjort i samband med ein av mine artiklar, som døme på korleis digitale kjelder kan nyttast i lokalhistorisk arbeid. Artikkelen eg tek utgangspunkt i heiter «Underklassen i bondesamfunnet» og handlar om husmannsklassen i Sveio på 1800-talet.

Kartlegging ved hjelp av folketeljingar

Heile kjeldearbeidet i artikkelen om husmannsklassen i Sveio er basert på kjelder frå Digitalarkivet. Eg skal no forklare korleis eg gjekk fram i arbeidet med desse kjeldene. Det første eg måtte gjere var å kartleggje alle husmannsbruka i det geografiske området eg skulle ta for meg. Her var folketeljingane den viktigaste kjelda. I Digitalarkivet finn me fleire folketeljingar frå perioden midt på 1700-talet og fram til starten av 1900-talet. Folketeljingane frå 1801, 1865, 1875, 1900 og 1910 er landsdekkande, og dei er lett tilgjengelege i Digitalarkivet. Folketeljingane er skanna, slik at me kan lese av originaltabellane dersom me ønskjer det, men dei er også transkriberte og kategoriserte slik at me kan søkje på ulike variablar.

Når ein skal finne opplysningar i folketeljingane, kan ein søkje på til dømes namn på personar eller gardar, og gå inn i teljingane via dei treffa som kjem opp. Men skal ein gå gjennom ei teljing for eit bestemt område, er det meir hensiktsmessig å finne teljinga for det prestegjeldet ein skal granske. Prestegjelda er delt inn i teljekrinsar, og desse er ofte samanfallande med skulekrinsane. I teljekrinsane kan me hente fram skjemaet for det einskilde gardsbruket eller det einskilde hushaldet.

Mykje informasjon i folketeljingane

Då eg skulle finne husmannsplassane i Sveio, måtte eg bla meg gjennom alle hushalda i det geografiske området som no utgjer Sveio kommune. Dette gjorde eg både med teljinga frå 1801, 1865 og 1875. Folketeljingane gir oss mange opplysningar om alle dei personane som oppheldt seg på den bestemte adressa på teljingstidspunktet. Me får også vite kor bruket låg og namnet på bruket. I tillegg får me vite fødselsdato eller alder på personane som budde der, kor dei var fødde, deira sosiale status, deira relasjon til dei andre i hushaldet og dessutan yrkestittel. Yrkestittelen fortel også om gardbrukaren var sjølveigar, leiglending eller husmann.

I folketeljingane får me også vite om funksjonshemmingar og kroniske sjukdomar som bebuarane hadde, og dessutan får me vite om nokon var under fattigvesenet si omsorg. Dei som var tenestefolk, losjerande, legdsfolk eller fosterbarn er også merka i teljingane. I tillegg til personopplysningane i folketeljingane, får me opplysningar om jordbruket. I teljingane frå 1865 og 1875 får me vite kor mykje det blei sådd av ulike vekstar. Me får også vite kor mange husdyr av ulike slag som blei fostra på gardsbruket, og kven som eigde dei. Desse opplysningane gir oss informasjon om storleiken på bruket.

Panteregister og pantebøker

For å finne alle husmannsplassane i Sveio, brukte eg også panteregisteret og pantebøkene. I panteregisteret finn me alle heftingane som kan knytast til garden og bruket. Panteregisteret er ordna etter tinglag, slik at me må finne Fjære tinglag i Sunnhordland Sorenskriveri når me leitar etter opplysningar om Sveio. I panteregisteret har kvart bruk ei eiga side, og heftingane er skrivne ned kronologisk. I dette registeret finn me opplysningar om til dømes eigarskifte og utskiftingar, bygselkontraktar og festekontraktar, vilkårsavtalar, obligasjonar, og diverse rettar eigarane av garden gir frå seg.

Kontrakten i panteregisteret inneheld berre nøkkelinformasjon. Altså informasjon om kva avtalen gjeld, namn på personar og dato for avtalen. Dersom me vil studere sjølve kontrakten, må me finne denne i pantebøkene. I panteregisteret er det ei eiga kolonne kor det står nummeret på panteboka, og kva side i boka me finn kontrakten. For å finne kontrakten i panteboka må me søke opp pantebøkene for det aktuelle Sorenskrivar-distriktet.

Då eg skulle lese husmannskontraktane frå gardane i Sveio, måtte eg altså leite i den kronologiske lista over pantebøker frå Sunnhordland Sorenskriveri. Både årstalet og nummeret på boka kan hjelpe meg til å finne rett bok. Vidare må eg bruke opplysningane i panteregisteret om kva side kontrakten står på, for å kunne finne sjølve kontrakten. Det kan vere utfordrande å lese den skanna kontrakten. Skrifta er lita og ofte utydeleg.

I festekontrakten finn me opplysningar om storleiken på plassen, kvar han ligg, og kva leigevilkåra var. Her får me vite kor stor festeavgifta var, kor stor den årlege leiga var, korleis plassen skulle drivast, og kva rettar husmannen hadde til å nytte ressursane i garden si utmark, kor lenge ein kunne leige grunnen, kor mykje og kva type pliktarbeid husmennene måtte utføre, og andre særlege vilkår som skulle gjelde.

Analyse av opplysningane i folketeljingar og panteregisteret

Opplysningane om husmannsplassane og husmannsfamiliane, som eg fekk hente ut av folketeljingane, panteregisteret og pantebøkene, danna grunnlaget for den kvantitative analysen eg gjorde av husmennene i Sveio på 1800-talet. Her kom det fram kor mange husmannsbruk det var i Sveio, kor stor del av alle bruka og heile befolkninga husmennene utgjorde, kva periodar husmannsplassane blei etablerte, kor store dei var og dessutan kor mykje jordbruksjord og husdyr dei hadde på plassen. I talmaterialet fann eg også ut kva attåtnæringar husmennene hadde, og kor mange av dei som måtte få støtte frå fattigkassa.

For at lesarane skulle kunne danne seg eit så godt bilete som mogleg av korleis det var å leve som husmenn på 1800-talet, valde eg ut nokre husmannsfamiliar og gjorde ein meir inngåande studie av desse. Deretter prøvde eg å fortelje livshistoria deira. For å kunne fortelje desse historiene, nytta eg meg av ei anna kjelde som me kan finne i digitalarkivet, nemleg presten si ministerialbok.

Kyrkjebøkene – Presten si ministerialbok

Presten si ministerialbok er kategorisert under «Kirkebøker» i Digitalarkivet, og soknepresten i kvart prestegjeld hadde ansvaret for å føre ministerialboka. Ministerialboka er ei svært god kjelde for alle som driv slektsgransking eller andre biografiske studiar. I denne boka har nemleg presten skrive ned svært mange opplysningar om alle personane i prestegjeldet.

Ministerialboka er skanna, så her må me lese av den handskrivne protokollen. Fram til starten av 1800-talet skreiv presten kronologisk inn i ministerialboka, utan å skilje dei ulike typane opplysningar frå kvarandre. Det skulle sparast på papiret, så her var det ikkje mange mellomrom og skilje mellom dei ulike opplysningane. Derfor kan dei eldste ministerialbøkene vere vanskelege å finne fram i. På starten av 1800-talet begynte soknepresten å bruke ministerialbøker som kategoriserte dei ulike opplysningane. Dei nye bøkene hadde merka kolonnar kor dei ulike opplysningane skulle skrivast inn. Dermed blei ministerialbøkene mykje meir oversiktlege og lettare å finne fram i.

Mange opplysningar i ministerialboka

Dåp

Me finn mange interessante opplysningar i ministerialboka. For det første finn me opplysningar om alle barna som blei døypte. Me får vite fødselsdato og dato for dåp, barnet sitt fulle namn, om det var født innanfor eller utanfor ekteskapet og foreldra sine namn og yrkesstatus. I tillegg får me vite namnet på fadrane, og dessutan om barnet var blitt døypt heime.

Vaksine

Frå starten av 1800-talet fekk alle barn i Noreg kopparvaksine. Dei fleste blei vaksinerte i løpet av det første leveåret, medan andre blei både to og tre år før dei fekk vaksinen. Vaksinasjonane blei skrivne inn i ministerialboka, og her kan me derfor finne opplysningar om alle barna i prestegjeldet som fekk vaksine dei ulike åra. Her får me vite vaksinasjonsdato, barnet sitt namn, alder, bustad, og namnet på barnet sin far.

Konfirmasjon

Soknepresten skreiv også inn opplysningar om konfirmasjonen. Her finn me opplysningar om dato og kva kyrkje konfirmasjonen fann stad. Me får også vite alder, fødestad og foreldra sine namn. I protokollen kan me finne kva karakter konfirmanten fekk av presten i «Kristendomskundskab og Flid». Vidare gir ministerialboka opplysningar om dei som gifta seg i kyrkjene i prestegjeldet. Her får me mange personopplysningar om begge ektefellene og foreldra deira, og dessutan får me vite kven forlovarane var.

Flytting

Ministerialboka gir oss også opplysningar om flytting i prestegjeldet, men her viser opplysningane seg å vere ufullstendige mange stader. Det var mange som flytta utan å levere flyttemelding til presten. I presten si bok er det ein eigen protokoll både for innflyttarar og utflyttarar, og i protokollen får me vite namn, alder, yrkesstatus og familiestatus for dei som flytta. Me får og vite kor dei flytta til eller frå, og kva som var årsaka til flyttinga. Protokollen over utflyttarar er ei god kjelde til å spore opp dei som utvandra til Amerika.

Jordfesting

Til slutt finn me protokollen med opplysningar om døde og gravlagde. Her får me mange opplysningar om den avdøde personen. Me får vite namn, sivil status, sosial status, alder, bustad, dato for dødsfallet, og dato for jordfesting. I tillegg finn me ei kolonne som fortel oss om årsaka til dødsfallet dersom det dreidde seg om sjukdom eller ulykke. Denne protokollen gir oss til dømes opplysningar om kroniske sjukdomar som spedalskhet og tuberkulose, eller om ulykker som kravde menneskeliv. På 1800-talet var det mange som døydde av sjukdom eller ulykke, og me får opplysningar om dødsårsaka til mange av personane som døydde.

Historier om enkeltskjebnar gjer historia meir interessant

Ved å kombinere opplysningane me finn i folketeljingane med alle opplysningane me finn i ministerialboka, kan me lett nøste opp store delar av livshistoria til personar som levde i tidlegare tider. I artikkelen om husmennene i Sveio var det viktig for meg å kunne fortelje historia til nokre av enkeltskjebnane i undersøkinga. Ved hjelp av kjeldene i digitalarkivet har eg kunna gjere dette. Historier om enkeltskjebnar gjer artikkelen meir interessant for mange av lesarane. Dersom historie berre handlar om generelle skildringar og analysar av talmateriale, mistar me etter mi meining viktige dimensjonar i historieskrivinga.

Eg håpar at denne artikkelen kan vere til hjelp og inspirasjon for deg som er interessert i lokalhistorie, enten det dreier seg om å granske eiga slekt, eller det dreier seg om å setje seg inn i historia til di eiga heimbygd. Folketeljingane, panteregisteret og ministerialbøkene i Digitalarkivet gjer det mogleg for alle å følgje spora etter dei som levde før oss, og finne ut korleis livet deira har vore. Her ligg det mange spennande historier gøymde, som berre ventar på å bli henta fram i lyset. Det er berre å trykke seg inn på Digitalarkivet og setje i gang.

 

Tekst av Sverre Halleraker. Framheva illustrasjon er henta frå Digitalarkivet.


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Bibliotekutvikling Vestland