Nye smittevernsråd

Aktuelt   

Austevoll kommune innfører nye smitteverntiltak.

Biblioteket vil framleis ha vanlege opningstider i denne perioden. Vi ber publikum om å nytta våre sjølvbetjente løysinger så langt det er mogleg, og alltid ha med lånekort.  Vi ber om forståing for at einskilde tenester kan bli avgrensa der det ikkje er mogleg å halda trygg avstand.

Tiltaka gjeld i første omgang til og med 19. januar. Det vil ikkje bli nokon arrangement i denne perioden, og det blir heller ikkje mogleg med klasse/gruppebesøk.

På vår heimeside kan du logge deg inn på Min side og bestille, reservere og fornye bøker. Vi tilrår også å laste ned appen Bibliofil som gjev deg lånekortet på mobil.

Har du forkjølingssymptom, hald deg heime. Husk god hoste- og handhygiene, og hald avstand når du kjem til biblioteket.

Dette klarer vi!