Høgt tempo i Minecraft-konkurranse

Måndag 1. mars braka det laus i Minecraft. 15 deltakarar konkurrerte om å bygga sin fantasi-vinterferie. Publikum kunne følgja med på Bibliogames sin eigen strøymekanal der to kommentatorar leia sendinga. Det var eit høgt tempo i bygginga, hytter, skøytebanar, bål og igloar spratt opp hos spelarane. Etter ein time med kreativ bygging blei deltakarane fjerna og fire domarar skulle sjå over byggverka. Domarane fant vinnaren etter kriteria tema, kreativitet, detaljar og utsjånad.

Fyrsteplassen gjekk til Linus på 9 år som bygde ein heil landsby med forskjellige aktivitetar til vinterferien: Isfiske, akebakke, bål, iglo og hytter til å overnatte i. Gratulerer med seieren og 3500 Minecoins!

Vinnaren av konkurransen og hans Minecraft-byggverk.
Ein landsby full av vinterferie-aktivitetar.

Biblioteket er nøgd med konkurransen og har planar om liknande arrangement til hausten.