1. Ein stor klassikar på få sider.
Forvandlinga frå 1915 er ein kjend klassikar skriven av ein blant dei mest vidgjetne og ikoniske forfattarane frå det førre hundreåret, sjølvaste Franz Kafka. Historia er vanvitig. Gregor Samsa vaknar ein dag i senga si og er forvandla til eit stort kakerlakk-liknande insekt. Samsa veit ikkje kva som har skjedd, og han skal jo straks vera på jobb. Familien vert sjokkert, og det vert arbeidsgjevaren også. Samsa må halda seg på rommet og er låst til ein uventa lagnad som insekt. Forteljinga er på 75 sider, og er ein god veg inn i det kafkaske universet. I Forvandlinga får du mykje stor litteratur på få sider.

2. Ny nynorsk språkdrakt.
Jon Fosse har omsett Forvandlinga frå tysk og har verkeleg fått til ein lettlesen, humoristisk tekst. Denne nye omsetjinga frå 2016 er ei frisk og levande leseoppleving, langt frå noko stagnert og gammalmodig. Det er forlaget Skald som står bak utgjevinga, dei har omsett fleire klassikarar i same stil som bles nytt liv i eldre tekstar. Franz Kafka har aldri vore meir tilgjengeleg, iallfall ikkje på nynorsk.
3. Boka er aktuell i dag.
Med dagens auge kan me lesa Gregor Samsa si forvandling til eit ekkelt insekt som ei historie om utanforskap. Ein ung mann er under hardt press frå arbeidsgjevar, men også frå familien som reknar med løna hans. Når han vaknar som insekt, slepp han krav og press, men vert låst til rommet. Dei forskjellige medlemmane i familien reagerer ulikt. Faren med sinne og avsky, mora med frykt og systera med omsyn. Kan me sjå liknande dynamikkar i dag? I Japan har dei eit eiga omgrep for unge (oftast menn) som gjev opp karriere og sosialt spel. Dei kjenner seg mislukka og melder seg ut av samfunnet. Fenomenet vert kalla Hikikomori, er eit veksande problem og reknast til å gjelda over 1 million menneske berre i Japan. Dei kuttar ut sosial kontakt, gjev opp å skaffa seg jobb eller utdanning, og vert ofte buande på guterommet. Fenomenet finst også i Noreg. Då eg nyleg las Forvandlinga, var det utanforskapen som slo meg, og det fekk meg til å tenkja på kor mange unge menneske som lever liv som ikkje er heilt ulikt Gregor. Han kjenner seg åleine, han vekkjer avsky og ingen forstår han. Franz Kafka si forteljing er kan hende endå meir aktuell i dag, spesielt med tanke på utanforskap og einsemd i eit samfunn med nye krav til unge menneske.
Av: Odd Harald Opdal