
Musikk: Endre Olsen
Endre Olsen frå Stord fekk eit gjennombrot med plata Bøttevis med blått i 2018. Sjangermessig er det eit kupert, rocka landskap. Nokre av låtane får ein til å tenke mest på amerikansk singer/songwriter-tradisjon a la Steve Earle, mens andre ber om høgt volum og det gjerne mens du susar avgårde i ein bil utan at du veit heilt kvar du skal. Tekstane er på norsk og vert servert på klingande stordadialekt. Ein av mine favorittar er singelen Kom april frå 2019: «Eg kan sovna ein kveld i november, og våkna opp ein morgon i april». Denne kan passe godt i desse dagar, og ikkje minst fordi Endre Olsen kjem med ny plate 7. mai. Så dei som ikkje har stifta kjennskap med musikken hans frå før har eit par dagar å lytte seg opp på!
Litteratur: Kjartan Hatløy
Kjartan Hatløy er busett ved Åfjorden i Hyllestad og har gitt ut tolv diktsamlingar. Eg meiner han er ein av landets store naturpoetar. Av enkelte blir han også kalla vårt tids Olav H. Hauge. Det er både riktig og urettvist. Visst fortener Hatløy å bli lest av like mange som Hauge, men han har eit heilt særmerkt uttrykk. Ofte er dikta utan eit menneskeleg eg til stades og minst like ofte er merksemda retta mot andre former for natur. Her er eit døme frå Mi meinings hus (2014).

Ja kom du land ved vegen
fram du mose, grøne pute på denne rabben her
kald dogg
pryd på deg den er
midt i eine dropen
drog ein hegre stilt forbi
Det er spesielt diktet sine siste to linjer som er verknadsfulle: vi ser for oss ein drope i fall og ein hegre i flog, altså ei vertikal og ei horisontal rørsle som kryssar kvarandre i eit konsentrert punkt. Diktet kan minne om japansk poesi med kompakte, kraftfulle, men likevel svært elegante bilete.
Vi skal halde oss til kysten, men bevege oss frå våre eigne vestlandske horisontar og til austkysten i USA.

Film: Manchester by the Sea (2016)
Manchester-by-the-sea ligg 8-9 timars køyretur nord for Boston og har litt meir enn 5000 innbyggarar. Filmen Manchester by the Sea kom i 2016 og handlar om vaktmeisteren Lee Chandler (spelt av Casey Affleck) som openbert ikkje har det særleg godt. Han held seg for seg sjølv. Han er betre å fikse rør og radiatorar enn menneskelege relasjonar. Når bror hans døyr får han ansvaret for nevøen sin, ein gut på veg til å bli mann. Dette er heller ikkje noko Lee Chandler er klar for, og han seier klart, men keitete ifrå om dette. Eg syns det er glitrande gjort av Affleck som spelar eit forknytt menneske som strevsamt leitar etter kva ord han kan bruke. Etterkvart som filmen går forstår vi meir kvifor han har vanskeleg for å finne meining i livet.
På Austevoll folkebibliotek kan du både finna bøker av Kjartan Hatløy og filmen Manchester by the Sea. Endre Olsen si plate Baklengs tebake finn du på nett frå 7. mai.