Forfattaren Ragnar Hovland er ein allsidig og særmerkt lun og humoristisk forfattar i det nynorske landskapet. Han har skrive både romanar, noveller, dikt og essay, og er ein populær gjest på ulike litterære arrangement. Han skriv for barn, ungdom og vaksne.
I 1999 kom samlinga «Åleine i Alpane : 20 bøker», og er ei samling av tekster eller bøker forfattaren har skrive frå 1970-talet og fram til denne utgjevinga, som han sjølv i føreordet kallar «eit litterært kaldtbord». Samlinga markerte samstundes Hovland sitt 20-årsjubileum som forfattar, med ei bok frå kvart år. Dette er ei stor samling på heile 973 sider, og inneheld mellom anna både forteljingar, essay og kortprosa. Forfattaren understrekar i føreordet at han har hatt behov for å setja desse tekstene saman i ein heilskap.
Melankoli, humor og ironi går som grunntonar gjennom heile antologien, og både dikt og prosa opnar for lengre tankerekkjer. Draumeaktige passasjer understrekar den absurde dimensjonen i bøkene. Slik sett kan ein sjå den sterke påverknaden frå til dømes Richard Brautigan, som er kjend som ein av Beat-generasjonens mest markante poetar.
Både for dei som er kjende og dei som er ukjende med det vestlandske landskapet og lynne er det særs mykje å humre gjenkjennande til i opptakten til denne samlinga. Den startar med forteljinga «400 mil frå Sogndalsfjøra (Per Waglens notat)», og handlar om den frittalande og noko drikkfeldige videohandlaren Per Waglens strabasiøse og sjølvforskyldte opplevingar på ei ferd fram og attende frå Sogn til Oslo, som kanskje kan kallast ein slags moderne fabel. Teksten er full av referansar til litteratur, film og musikk som elles i forfattarskapen, og ofte må lesaren bryte ut i spontane latteranfall av dei mange vittige og komiske scenene i forteljinga.
Eit av dei mange små prosastykke i boka (s. 140) lyder slik:
«BILDE FRÅ 60-ÅRA
Alle medlemmene i The Animals, med Eric Burdon lengst til venstre og Alan Price lengst til høgre, sit på ein benk i ein ukjend og haustvåt park og græt fordi nokon har fortalt dei at dei aldri kjem til å bli like store som Rolling Stones.»
I dagboksutdraget «1997 JOURNAL» (s. 183) vender forfattaren seg meir direkte til lesaren («Hei, folkens»), og ikkje berre til dagboka. Ein litt melankolsk tone kan vi og av og til sjå i desse korte referata, til dømes: «Om eg skulle velje eitt tiår av dei eg har opplevd, måtte det bli 60-talet, ikkje uventa, trass i kor stygt vi hadde det rundt oss. All musikk var fin, det var så lett å bli forelska, ein oppdaga noko, ein hadde enno meir enn ein flik av uskyld og ein skulle enno leve nesten evig.»
Enno kortare tekster kan ein lesa i «Meldingar» (s. 241), som oftast berre ei tekstlinje som står for seg sjølv utan vidare kontekst. Her finn vi og att boktittelen «Åleine i Alpane».
Essaya er for ein stor del fabuleringar og betraktningar kring politikk, film og litteratur, og tekstene er skrive med ironisk distanse og til dels også sjølironi.
I «Minnebok» (s. 437) finn vi korte fragment av inntrykk og opplevingar som forfattaren kan hugse frå barndom og ungdom.
Som ein skjønar så er dette ei svært allsidig samling med mange sjangrar representert, til dømes teikneserie, fotoroman, skodespel, filmmanus og anna i tillegg til dei sjangerformene som alt er nemnt.
Det kan passe å avslutte denne tilrådinga med teksten «Døy» (s. 137) frå boka, som kanskje kan stå som forfattaren sitt bilete på ei menneskeleg grunnhaldning:
«DØY
Ein må ikkje døy. Og skal ein likevel døy, må det skje langsamt, over lang tid, og utan smerter, slik at når det ein dag verkeleg skjer, så merkar verken du eller venene dine noko som helst.»
Om du ynskjer å bli kjent med forfattarskapen til Ragnar Hovland er «Åleine i Alpane» ein bra stad å byrja.
Om ikkje biblioteket ditt har boka så kan du sjølv bestilla den frå eit anna bibliotek her.
Elles kan du lesa boka i Nettbiblioteket.