Klassikar i ny utgåve: «Veggen» («Die Wand», 1963) av Marlen Haushofer

Omslag til boka "Veggen" av Marlen Haushofer

Marlen Haushofer (1920-1970) er ein av Austerrike sine viktigste forfattarar i etterkrigstida. Ho vart særleg kjend for denne romanen, som fekk ny aktualitet ved utbrotet av Covid 19-pandemien. Under Norsk litteraturfestival 2020 på Lillehammer vart ulike romanar presentert på NRK under vignetten «Pestlitteratur», med det felles at ein kunne relatere handlinga i boka til ein tilstand av isolasjon, til dømes under ein pandemi eller ein krigsliknande situasjon. Janneken Øverland føredro om forfattaren Haushofer og hennar hovudverk «Veggen» her.

Romanen vart første gang utgjeve på norsk i 1994, omsett av Unn Bendeke. I år (2022) kom den i ny utgåve. Romanen er tidlegare også glimrande filmatisert, med tyske Martina Gedeck i hovudrolla.

Boka byrjar med at ei kvinne reiser saman med eit venepar i bil på ein tur til ei hytte i alpane. Då dei kjem fram vil veneparet gå til ein pub i den næraste landsbyen. Dei to går medan den namnlause kvinna vil vere att på hytta og slappe av, trøytt etter turen.

Morgonen etter har ikkje paret komme attende, og kvinna blir uroleg og går ut for å sjå etter dei. Plutseleg treffer ho ein usynleg vegg midt i vegen, og finn etter kvart ut at denne veggen er ugjennomtrengeleg. Det ser ikkje ut som det er nokon levande på den andre sida av veggen, og kvinna må klare seg sjølv. Ho er i praksis avskore frå resten av verda. Deretter byrjar kampen for å halde seg i live med det som naturen kan bidra med, kun med selskap av ein hund og ein katt.

Det er ikkje mykje handling i boka, allikevel har den store likskapar med den mest spennande thriller på grunn av den underliggjande uroa som heile tida er til stades og pregar lesarens oppleving av handlinga.

«En god roman kan leses på flere måter. Veggen er en spennende robinsonade, men også et dyptfølt innlegg i debatten om vår klodes fremtid. Det er imidlertid undersøkelser av et kvinnesinn som har rørt avgjørende ved denne leser.» (Terje Stemland, Aftenposten).

Lån boka på biblioteket ditt, eller les eller høyr den gratis på nettbrettet ditt (Bookbites). Eller les den gamle utgåva her. Er du heldig så kan kanskje filmen og lånast via biblioteket. God lesing!