Lokal interesse for lokal litteratur: Draumen om ein flat åker

Det var eit bra oppmøte på forfattertreffet med Leif Erik Otterå som presenterte og las frå boka Draumen om ein flat åker. Otterå fortalde om slektsband til romanfiguren Martinus og om gravearbeidet han gjorde for å finna ut om hendingane som utgjer ramma for romanen. Men sjølv om mykje i boka er basert på odelsguten Martinus frå Brekke sitt faktiske liv og hans ferd til Amerika i 1873, er det også dikta fritt. Otterå las frå ulike stader i boka, og me fekk høyre om livet på barken Valkyrien. Dei opplesene stubbane fengja publikum og det var tydeleg at boka inneheld gode karakterskildringer og dramatiske hendingar. Er du interessert i å lesa Draumen om ein flat åker, kan du både låna og kjøpa boka på Austevoll folkebibliotek.

Bokomslag: Leif Erik Otterå - Draumen om ein flat åker.
Boka kan lånast og kjøpast på Austevoll folkebiblioteket.