Lokal litteratur på nettet

Bibliografiane på https://www.Lokalhistoriewiki.no  har si eiga forside: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Forside:Bibliografi. Her finn ein mellom mykje anna oversikter over litteratur om Austevoll kommune og emne som har tilknyting til kommunen.

Nedanfor er fire bibliografiar tekne med.

1.Bibliografi: Austevoll,

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Bibliografi:Austevoll_kommune, er delt inn i 40 ulike emne med eit samla tal på 350 bøker, artiklar frå tidsskrift og aviser, minnetekstar, segner, biografiar, avhandlingar m.m. og nokre få kjelder av ulikt slag. Bibliografien vert supplert etter kvart som nye publikasjonar blir gitt ut. Her kan publikum vera med og hjelpa til.

2. Bibliografi: Fiskeri, https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Bibliografi:Fiskeri. I tillegg til den generelle litteraturen, fylkesoversiktene og dei ulike emna kan ein finna litteratur om fiskeri på Fiskeridirektoratet si oversikt: https://fdir.brage.unit.no/fdir-xmlui/handle/11250/273704. Ein annan database som er vist til, og der det blir lagt ut nye artiklar, er Norsk fiskerihistorie – på nett: http://fiskeri.no/fiskerihistorieinfo.htm. Fiskeribibliografien er heller ikkje fullstendig.

3. Bibliografi: Losvesenet. Om losing i Austevoll og elles i landet finn ein i denne oversikta: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Bibliografi:Losvesenet.

4. Bibliografi: Kystkvinner. I denne bibliografien er Austevoll representert med nokre få utdrag frå bøker og tidsskrift: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Bibliografi:Kystkvinner.

Tekst: Nils Steinar Våge

Innseglinga til Kvalvåg på Stolmen. Foto.
Stolmen