Boktips: Anton Tsjekhov – Dama med hunden og andre forteljingar (2020)

Lita tid til å lesa stor litteratur? I Anton Tsjekhov si Dama med hunden og andre forteljingar, får du mykje god litteratur på ein gong. Boka er inneheld seks forteljingar skrive på 1890-talet, og kvart stykke er som ein roman i seg sjølv. Bli kjend med skjebnar i bondestanden og på sinnssjukehusa, og fylg livet i borgarskapet og på fabrikken. I Dama med hunden får lesaren vera tilskodar til eit drama der to personar som er gifte på kvar sin kant finn saman i løyndom. Heile forteljinga er skrive på omlag 20 sider, til samanlikning nyttar Lev Tolstoj 800 sider på liknande historie i Anna Karenina. Boka er nyomsett til strålande og tilgjengeleg nynorsk. Lån boka på biblioteket. Reserver den her.

Omslag: Anton Tsjekhov - Dama med hunden og andre forteljingar (2020)
Boka er gjeven ut av Skald forlag