Det strøymde på med folk som ville sjå Hans Sande på biblioteket torsdag kveld. Mange i publikum kjende Sande-familien då dei budde i Austevoll på 1960-talet, og fleire hadde også blitt konfirmert av presten Steinar Sande. Hans Sande tok seg tid til å fortelja historier frå denne tida, om kjærastar, vener og korleis foreldra hans avvika frå det normale då dei båe køyrde bil, røyka og hadde vekeblada liggjande framme. Det var nemleg vanleg å skjula om ein hadde slike blad. Men det var fyrst og fremst dikta som var ramma rundt kvelden, og dikt kom som perler på ei snor. Hans Sande skriv korte dikt som er lettfattelege og ofte humoristiske med eit skråblikk på tilværa. Smakebitar frå heile forfattar-karrieren blei servert, og publikum lo medan dikta vart deklamerte. Sande fortalde med glimt i augo korleis dikta vart til, kor lang tid det kunne ta og korleis han også hadde starta med å brodera dikt. I underkant av ein time heldt Sande showet i gong, og det var ei oppløfta stemning blant publikum som fann vegen ut i regnet, gjerne med ei signert Hans Sande-bok under armen.