Når freden senkar seg, kan det vere ei fin lesetid. Anten det er litteratur som høver for små eller store – eller begge delar. Her kjem nokre forslag til bøker du kan låne i biblioteket og som e-bøker.
Tekstar og bilde i ulike format
I appen BookBites kan du låne e-bøker og lydbøker (bibsent.no). Appen fungerer på iPad/iPhone med iOS 11 og nyare, og du kan bruke nettbrett og telefonar med Android versjon 5 og nyare, som tillet nedlasting frå Google Play. Her er ein kort video som forklarar meir (support.bookbites.com)
Barn og unge på oppdagingsferd
- Tilsette ved folkebiblioteket i Bergen har samla eit utval bøker med juletema for yngre lesarar (bergenbibliotek.no). Bøkene finn du i det lokale biblioteket ditt og på nettet.
- Hos Nynorsksenteret kan du sjå boktips med omtalar (nynorskbok.no).
- Bokmeldaren Anne Cathrine Straume har plukka ut 16 nyare barne- og ungdomsbøker (nrk.no).
- Periskop gir oss ei liste med julegåvetips og bøker du kan låne (periskop.no).
Aktuelle bøker for vaksne
Biblioteket har både den nyaste litteraturen og tekstar bakover i historia.
- Ei liste med bøker for vaksne med tema jul kan du finne på bergenbibliotek.no.
- Kritikarane i NRK skriv om det dei meiner er årets beste bøker (nrk.no). Til slutt i teksten finn vi favorittar frå tidlegare år.
- I haust kunne folk i heile landet kåre «Bibliotekets litteraturpris». 10 bøker frå dei fem siste åra var nominerte (biblioteketslitteraturpris.no). «En frivillig død» av Steffen Kverneland fekk prisen.
- Fleire tips får du mellom anna frå Bergen Offentlige Bibliotek (bergenbibliotek.no) og frå Deichman (deichman.no).
DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Bibliotekutvikling Vestland