Det vi har drive med har varierert, alt frå litteraturformidling på fleire frontar, opplæring, teater, digital speling og draumedagar for unge. Dette er berre noko av det vi har hatt føre oss. Det er gledeleg at dette har ført til auka merksemd om biblioteket sine tilbod og aktivitetar på brei basis.
Året 2022 var og året da biblioteket fekk tilsett barnebibliotekar for første gong. Den 1. april byrja Ketil i 50 % i denne nyoppretta stillinga. Dermed fekk skulane og barnehagane eit breiare tilbod enn det ein kunne gje tidlegare. Digital marknadsføring, formidling og speling fekk eit mykje større fokus.
No herskar det positivitet rundt nye oppgåver, der vi står føre både bibliotekjubileum i 2024 og eit utvida tilbod når det gjeld aktivisering av ulike målgrupper, som til dømes ungdom og seniorar.
Me gler oss til å sjå akkurat deg på biblioteket framover!