

Treng du hjelp i den digitale kvardagen? Samlingane på biblioteket vil halda fram til sommaren. Det har blitt tolv økter så langt i år med ulike tema om internett, teknologi og dei digitale tenestene som fins. Målet er ikkje å læra eller meistra alt, men med dette tilbodet deltakarane få sjå og prøva seg med ulike sider ved teknologien. Seniorsurf er retta mot seniorar og held til på biblioteket medan Datahjelp på frivilligsentralen er for alle. Båe stader vil ny teknologi, digitale tenester og elektroniske hjelpemiddel bli presentert på ein lettfatteleg måte. Øktene er delt opp i to bolkar. Fyrst ein presentasjon av tema, før deltakarane sjølv får praktiske oppgåver å løysa med utstyret dei har med (telefon, nettbrett eller datamaskin). Dette skjer med rettleiing og hjelp undervegs. Og så er det tid til ein-til-ein rettleiing, der du kan få hjelp til det du har behov for. Denne oppskrifta har me fylgt sidan me starta opp hausten 2021 på biblioteket saman med Seniornett Austevoll. I Noreg har den digitale utviklinga skjedd i eit hurtig tempo, og landet er i dag eit av dei mest digitaliserte i verda. Det gjev nye og raske løysingar, men skapar også digital utanforskap sidan det er mange som ikkje heng med i utviklinga. Det har blitt eit digitalt skilje i Noreg. Tal frå Kompetanse Norge viser at 14 prosent av Noregs innbyggjarar er å rekne som svake eller ikkje-brukarar av digitale løysingar. Av desse er eldre sterkt representert. Denne utviklinga ynskjer me å motverka ved å ha eit tilbod for digital opplæring i kommunen. Sjå kalendaren nedanfor for stad, tidspunkt og tema for øktene. Ta kontakt om du har spørsmål: odd.opdal@austevoll.kommune.no
Veke: | Biblioteket på måndagar. | Frivilligsentralen på onsdagar. | Tema: |
16 | 17. april kl. 13.00 | Fri | Bibliotektenester og passord. |
17 | Fri | 26. april kl. 13.00 | Bibliotektenester og passord. |
18 | Fri | 3. mai kl. 13.00 | Digitale hjelpemiddel. Siri og Google assistent. |
19 | 8. mai kl. 13.00 | 10. mai kl. 13:00 | Banktenester på nett og mobil. Vipps og andre appar. |
20 | 15.mai kl. 13.00 | Fri | Radio, podkast og musikk |
21 | 22. mai kl. 13.00 | 24. mai kl. 13.00 | Noreg.no og offentlege tenester på nett |
22 | Fri | 31. mai kl. 13:00 | Radio, podkast og musikk. |
23 | Fri | 7. juni kl. 13:00 | Ferie- og reiseplanlegging. |
24 | 12. juni kl. 13:00 | 14. juni kl. 13:00 | Karttenester på nett. |
25 | 19. juni kl. 13:00 | 21. juni k. 13:00 | Siste økt: Repetisjon |