Kvifor vera med på Sommarles?

Det er ikkje sant at barn ikkje likar å lesa. Men dei treng vaksne som skapar rom for det! Sommarles er ein god start. Her er nokre gode grunnar til å hjelpa barnet ditt til å vera med:

Bilete av bokormen Bibliane på barneavdelinga
Kor mange bøker har barna på Austevoll lese i Sommarles? Bokormen Bibliane tel for oss! 8. juni 2023 er 600 bøker lesne!

Gode grunnar til å vera med på Sommarles (og til å lesa)

Bøker

  • hjelper ditt barn til å utvikla språket og ordforrådet.
  • utvidar barnet sin bevisstheit og sin verd og gir det nye idear og omgrep å tenka med
  • stimulerer fantasien og trenar barnet i å skapa indre bilete
  • gir barnet kunnskap om alt mellom himmel og jord
  • utviklar barnet sitt kjensleliv og evne til empati.
  • kan gi barnet kraft og inspirasjon, tidtrøyte og spaning
  • kan vekka nye spørsmål og gi barnet noko å tenka vidare på
  • lærer barnet etikk, lar det fundera over rett og galt, godt og ondt
  • syner barnet at det finst fleire svar på spørsmåla og at det meiste kan sjåast frå fleire sider.
  • hjelper barnet til å forstå seg sjølv.
  • hjelper barnet til å forstå andre.
  • gir barnet selskap når det er einsamt.
  • åpner vegen til litteraturen – ein uendeleg verd som varar livet ut!

Alt dette gjeld sjølvsagt for oss vaksne òg! Godt sagt om å lesa:

«Ein lesar lever tusen liv før han døyr … Han som aldri les, lever berre eitt»
Georg RR Martin (forfattar av «En sang om is og ild»)

“Om du ikkje likar å lesa, har du berre ikkje funne rette boka»
Joanne Rowling (forfattar av Harry Potter-bøkene)

«Gjennom bøkene blir eg tusen menneske, men blir likevel verande meg sjølv.»
C.S Lewis (forfattar av Narnia-bøkene)

“Det finst ingen fregatt så god som ei bok til å ta oss til andre land”
Emily Dickinson (amerikansk poet)

«Bøkene gir meg bilete til å tenka med.»
Aidan Chambers (britisk forfattar)