

Få hjelp i den digitale kvardagen. Tilboda Seniorsurf og Datahjelp held fram hausten 2023 med lågterskeltilbod i digitale emner. Målet med kursa er ikkje å læra eller meistra alt, men med dette tilbodet vil deltakarane få sjå og prøva seg på ulike sider ved teknologi. Seniorsurf er retta mot seniorar og held til på biblioteket, medan Datahjelp på frivilligsentralen er for alle. Båe stader vil ny teknologi, digitale tenester og elektroniske hjelpemiddel bli presentert på ein lettfatteleg måte. Sjå kalendaren nedanfor for stad, tidspunkt og tema for øktene.
Veke: | Biblioteket på måndagar. | Frivilligsentralen på onsdagar. | Tema: | |
36 | 4. september kl. 13.00 | 6. september kl. 13.00 | Oppstart. | |
37 | 11. september kl. 13.00 | 13. september kl. 13.00 | E-post: Grunnleggjande funksjonar. | |
38 | 18. september kl. 13.00 | 20. september kl. 13.00 | E-post: Fleire funskjonar. | |
39 | 25. september kl. 13.00 | 27. september kl. 13:00 | AI- Kunstig intelligens: Kva er det, og korleis bruka det? | |
40 | 2. oktober kl. 13.00 | 4. oktober kl. 13.00 | Foto: Ta bilete, rediger og lagra. | |
41 | Fri | Fri | Haustferie. | |
42 | 16. oktober kl. 13.00 | 18. oktober kl. 13.00 | Smartelefon og appar. | |
43 | 23. oktober kl. 13.00 | Fri | Digitale tenester. | |
44 | 30. oktober kl. 13:00 | 1. november kl. 13:00 | Offentlege tenester på nett. | |
45 | 6. november kl. 13:00 | 8. november kl. 13:00 | Kjøp og sal på internett. | |
46 | 13. november kl. 13:00 | 15. november kl. 13:00 | Datatryggleik. | |
47 | 20. november kl. 13:00 | Fri | Praktisk bruk av smartelefon/nettbrett | |
48 | 27. november kl. 13:00 | 29. november kl. 13:00 | Underhaldning. | |
49 | 4. desember | 6. desember | Jul: siste økt. |
Øktene er delt opp i to bolkar. Fyrst ein presentasjon av tema, før deltakarane sjølv får praktiske oppgåver å løysa med utstyret dei har med (telefon, nettbrett eller datamaskin). Dette skjer med rettleiing og hjelp undervegs. Det er også høve å tinga ein-til-ein rettleiing, der du kan få hjelp til det du har behov for. Denne oppskrifta har me fylgt sidan me starta opp hausten 2021 på biblioteket saman med Seniornett Austevoll. I Noreg har den digitale utviklinga skjedd i eit hurtig tempo, og landet er i dag eit av dei mest digitaliserte i verda. Det gjev nye og raske løysingar, men skapar også digital utanforskap sidan det er mange som ikkje heng med i utviklinga. I Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn 2023 frå Kommunal- og distriktsdepartementet blir digital opplæring vektlagd som eit viktig verktøy for å hindra digital utanforskap:
«Digitalisering gir nye moglegheiter, også moglegheiter for å inkludere fleire i fellesskapet. Men viss vi ikkje legg til rette for at flest mogleg skal delta etter evne, risikerer vi å bidra til digital utanforskap. Digital utanforskap har store konsekvensar for den enkelte, men også for samfunnet. Blir for mange ståande utanfor den digitale utviklinga, er det fare for at eksisterande skilje i samfunnet blir forsterka. (…) Eit stadig meir digitalisert samfunn inneber ei felles forplikting frå både offentleg, privat og frivillig sektor til å hjelpe dei innbyggarane som av ein eller annan grunn har problem med å nytte seg av det digitale tilbodet, eller som ikkje kan eller ønsker å bruke digitale verktøy og tenester. Til dømes er folkebiblioteka viktige arenaer der innbyggjarar med lav digital kompetanse kan få rettleiing og opplæring innan grunnleggjande digitale ferdigheiter.» (Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn 2023)Ta kontakt om du har spørsmål: odd.opdal@austevoll.kommune.no