Fredag 8. september 2023 klokka 1900 blir Lesetimen arrangert for andre gong i Noreg. Me oppmodar alle i Austevoll til å setta av ein time til å lese denne dagen.
Med Lesetimen markerer me FN sin internasjonale dag for lese- og skrivedugleik. Me håpar alle som kan, brukar minst éin time på å lesa fredag 8. september klokka 19:00. Det kan vera høgtlesing med ungane eller ei god bok for deg sjølv.
Del gjerne eit bilete av di lesetime på Instagram eller Facebook med teksten: «Lesetimen feirar lesing på ulike måtar. Eg/me markerer Lesetimen 2023 med å lese denne boka!». Bruk emneknaggen #lesetimen, #readhour og #austevollbibliotek i innlegget, og du er med på ei trekning av ein bokpremie frå folkebiblioteket.
Om Lesetimen/Read Hour
Den finske organisasjonen Barn- och ungdomsstiftelsen står bak Read Hour i 2019. Kampanjen oppmodar alle til å lese éin time på FNs Internasjonale dag for lese- og skrivedugleik 8. september. Tiltaket spreidde seg til fleire land i 2021, og Noreg gjennomfører Lesetimen for andre gong i 2023. Det er Foreningen !Les som har tatt initativ til Lesetimen i Noreg.
Om FN sin internasjonale dag for lese- og skrivedugleik
Den internasjonale dagen for lese- og skrivedugleik ble oppretta av UNESCO i 1946. Dagen skal minna verdssamfunnet på at å lese og skrive er ein menneskerett saman med retten til utdanning. Dagen markerer og at arbeidet med å fjerne analfabetisme er ein del av livslang læring og ein del av å bygga eit berekraftig samfunn.