

Har du digitale problem eller ynskjer å læra meir om ulike digitale emne? Biblioteket gjev både hjelp og digital opplæring. Noreg er blitt eit digitalt land det krevst ein viss kompetanse å orientera seg i. Appar må lastast ned, bank- og helsetenester ligg på nett, og det gjer andre offentlege tenestene også. Det er ikkje berre lett. Austevoll folkebibliotek har saman med Seniornett Austevoll tilbydd lågterskel kursing i digital kompetanse i fleire år. Seniorsurf på biblioteket og Datahjelp på Frivilligsentralen. På desse samlingane presenterer me ulike tema der deltakarane får prøva seg på praktiske oppgåver på nettbrett eller smarttelefon. Tema kan vera digital tryggleik, Helsenoreg, e-post, Skyss eller anna. Det krevst ingen førehandskunnskap og me låner ut nettbrett til dei som vil prøva det. Utanom kursinga, legg me til rette for ein-til-ein-rettleiing der du kan få hjelp til det du lurer på. Sjå kalendaren nedanfor for stad, tidspunkt og tema for øktene.
Veke: | Biblioteket på måndagar. | Frivilligsentralen på onsdagar. | Tema: | |||
14 | Fri | 3. april kl. 13:15 | Drop-in: rettleiing | |||
15 | 8. april kl. 13.00 | Fri | Digital tryggleik | |||
16 | 15. april kl. 13.00 | 17. april kl. 13.:15 | Digitale arkiv | |||
17 | 22. april kl. 13.00 | 24. april kl. 13:15 | Workshop: Plakat | |||
18 | 29. april kl. 13.00 | Fri | Appar og skylagring | |||
19 | 6. mai kl. 13.00 | 8. mai kl. 13:15 | Drop-in: rettleiing | |||
20 | 13. mai kl. 13:00 | Fri | Reiseplanlegging | |||
21 | Fri | 22. mai kl. 13:15 | Digital tryggleik | |||
22 | Fri | 29. mai kl. 13.15 | Reiseplanlegging | |||
23 | 3. juni kl. 13:00 | Fri | Kunstig intelligens | |||
24 | 10. juni kl. 13:00 | 12. juni kl. 13:15 | Foto | |||
25 | 17. juni kl. 13:00 | Fri | Repetisjon |
Politikarane i Austevoll har satsa på digital inkludering og har gjennom budsjettet 2024 sikra biblioteket sitt tilbod for digital kompetanseheving i kommunen framover. Bli med og få hjelp i den digitale kvardagen!
Kontakt: odd.opdal@austevoll.kommune.no