Liker du å lese aviser og tidsskrift?

Høyr, kjære avislesar!

Er du lei av å krangle med sambuaren eller andre medmenneske om morgonavisa? Velkomen til ei verd av avislesing og interessante tidsskrift på pressreader.com!

Du kan sjå PressReader som eit gratis langbord med aviser og magasin frå mange ulike land. Denne tenesta inneheldt meir enn 7000 aviser og tidsskrift på over 60 språk. Du kan laste ned artiklar eller utgåver til di eiga eining og lese dei utan nettilgang når du har tid til rådvelde.

• Kanskje finn du lokalavisa di her?
• Kanskje vil du følgje økonomien gjennom Wall Street Journal eller den amerikanske valkampen gjennom Washington Post, Aftenposten eller New York Times?
• Eller kva med å halde spansken din ved like gjennom å lese nyhende i El Pais?

• Saknar du lesestoff på ditt lingua materna?
• Er du superinteressert i eit tema  … som gaming eller golf, helse eller hage, foto eller fitness … beherskar fleire språk og har «runda» dei norske magasina på området?

Kanskje finn du noko spennande på pressreader.com

To unge menneske som ser på ein mobliteefon rett utanfor biblioteket. Foto.

Foto: Jørn Grønlund

Tilgang på biblioteket

Bruk biblioteket sitt trådlause nettverk. Gå til pressreader.com i ein nettlesar eller bruk PressReader-appen.
Etter at du har opna appen på bibliotekets nettverk, kan du fortsette å bruke den når du ikkje er på biblioteket. Når tilgangen går ut, må du tilbake på bibliotekets nettverk for å få ny tilgang.

Tilgang heimefrå

Nokre bibliotek har opna for tilgang til PressReader frå websøket sitt. Når du er logga inn med bibliotekkortet ditt, finn du ei lenke under Digitale tenester > PressReader som vil gi deg tilgang sjølv om du ikkje er på biblioteket sitt nettverk. Om du ikkje finn dette på ditt bibliotek, så spør nokon som jobbar der. Det same gjeld om du er logga inn i Bibliofil-appen.


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Bibliotekutvikling Vestland