Austevoll folkebibliotek sender jamnleg ut purringar på utlån som er forfalt og ikkje innlevert. Om du har fått krav om å betale gebyr må du bruke tenesta Vipps. Då sender du det oppgitte beløpet til Austevoll folkebibliotek med Vipps-nummer 519579. Send så kopi av kvitteringa for betalt gebyr på e-post til folkebiblioteket@austevoll.kommune.no så slettar vi gebyret i biblioteksystemet. Om du berre betaler utan å sende kvittering har ikkje bibliotekpersonalet mulighet til å sjekke om du har betalt, og da kan det hende du får nytt krav. Dette kan verke litt tungvint, men inntil vidare er det Vipps som gjeld.
Vi minner om at du sjølv kan fornye lån i Bibliofil-appen eller på Min side før låna går ut, så slepp du å motta krav om gebyr.