Plakat: Slektgransking

Bestefar, – kven er du?

Dato

Tid

Stad

Slekt og DNA, korleis er samanhengen?

Me er to karar frå Bømlo som i fleire år har drive med slektsgransking, men då kopla med tolking og bruk av DNA, vårt genetiske arvemateriale.

Svært mange driv med slektsgransking. Mange har svære slektstre som viser relasjonar mellom hundrevis, ja ofte tusenvis av personar. Tidlegare var det slik at opplysningane i desse slektstrea var basert på «det folk visste», på kyrkjebøker, bygdebøker, osv. I nyare tid er DNA-testar blitt «allemannseige». Korleis kan DNA-testane brukast til å finna ut av slektsrelasjonar? Korleis går vårt DNA i arv?

Det er dette som er tema for føredraget denne gongen. Reidar Olav Meling er pensjonert lektor frå vidaregåande skule, fødd i 1949. Var gift med Gunn Madel, som på morssida ætta frå Husavik i Austevoll. Han eig i dag hytta etter sine svigerforeldre i Husavik, der han av og til er på besøk.

Austevoll Folkebibliotek, tysdag 25. november 2025, kl. 18:30

Gratis arrangement.