Diktaren Jakob Sande. Kåseri

Arrangement

Jakob Sande frå Sande i Sunnfjord (1906-1967) har skrive ei rekkje diktsamlingar og noveller.

Dato / tid
03.03.2020, 18:00 - 19:00


Sande var ein svært populær diktar som skreiv om folk og forhold i bygde-Noreg, deira liv og lagnad, sosiale forhold mellom fattige og rike. På trettitalet reiste han til sjøs og skreiv ei rekkje dikt om sjøfolk og forholda om bord på norske skip på denne tida. I fleire av novellene og dikta hans uttrykte han skepsis til mange av dei som reiste rundt og forkynte kristendomen i Noreg. Ved å gå djupare inn i diktinga hans finn me ein person som har lese mykje i den heilage skrift. Tre av dikta hans er tekne med i Norsk Salmebok.

Hallvard Møgster har lese mykje, om og av, Jakob Sande frå han var ung gut og fram til i dag. Han har ved ulike høve og ulike stader deklamert  dikta hans, og i nokre forsamlingar kåsert  om denne spesielle diktaren. Hallvard kjem til biblioteket og vil halda eit kåseri om Jakob Sande,  og dessutan deklamera fleire av dikta hans.

Gratis adgang. Vel møtt.

Av Gyldendal. – Jakob Sande-selskapet, CC BY-SA 2.5, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=32470450