Illustrasjon av Magnus Lagabøte si landslov

“Er det lov?” – ei familieframsyning på Litteraturbåten Epos

Dato

Tid

Stad

Hippakaien
Velkomen til familieframsyninga “Er det lov?” på Litteraturbåten Epos. Båten vil ligga ved Hippakaien på Storebø.
Det er ikkje lov å bite! Det kan jo dei fleste vere einige i, men visste du at dette er ei av lovene i Noregs landslov, som vart skriven for 750 år sidan? «Er det lov?» er ei leiken og heilt nyskriven framsyning for heile familien, der me utfordrar barns sans for rettferd og dykkar ned i ei frisk og frodig middelalderverd. Du møtar hemngjerrige kongar, mordariske forbrytarar, staute tingmenn, krigerske riddarar, tiggarmunkar, og han som prøvde å få litt meir orden på det heile: Magnus Lagabøte.
Gjer deg klar til å bli forundra, underhalden, kanskje litt irritert, og i alle fall engasjert på Litteraturbåten Epos. Skodespelar Lina Taule Fjørtoft står på scena, og Adele Lærum Duus har manus og regi.
Arrangementet er gratis.
Velkomen!