Harry Potter-kveld

Arrangement

Det er 20 år sidan den første Harry Potter-boka kom ut på norsk. Dette vil vi feire, og inviterer til Harry Potter-kveld i biblioteket.

Dato / tid
04.11.2019, 18:00 - 20:00


Kle deg ut som ein av figurane i Harry Potter-universet og kom på fest! Det blir begrensa tal på deltakarar denne kvelden, så du må melde deg på snarast, og seinast 31. oktober (eller så langt vi har ledige plassar att).

Send påmelding på e-post til [folkebiblioteket@austevoll.kommune.no] og oppgje namn og alder på barnet du melder på. Påmeldinga er bindande.  Minstealder er sett til 7 år.

Billett til festen kostar kr. 50, dette for å dekka inn diverse materialer som deltakarane skal lage effektar av denne kvelden. Vi trur dette vert ein strålande fest, og ynskjer velkomen til feiring!