
Johan Fritzner Greve: Prost og opplysingsmann frå vekkingsrørsla
Prest i Austevoll, Tor Håkon Eiken, har fordjupa seg i føregangsmannen Johan Fritzner Greve (1799 – 1883). Eiken vil dela kunnskapen sin om Greve på biblioteket i februar.
Greve var sokneprest i Sund, Møkster og Austevoll i nesten femti år. Han var svært driftig. I tillegg til å leia kyrkja, dreiv han fattigkommisjon, skulekommisjon og vaksinasjonsarbeid. Han ivra for god hygiene og førebygging av smitte og sjukdommar. Samstundes hadde han band til vekkingsrørsla. Greve er ein fascinerande skikkelse frå lokalhistoria. Korleis kan vi i dag forstå arven etter Greve? Pregar tankane hans framleis Austevoll?
Austevoll senioruniversitet og Austevoll folkebibliotek inviterer til ei lærerik stund om lokal kyrkjehistorie. Velkomen!