
Krigens fargar – levande historier frå hemnaksjonen på Telavåg
Austevoll folkebibliotek og Austevoll senioruniversitet inviterer til eit føredrag med Vivian Midttveit om boka Krigens fargar – Levande historier frå hemnaksjonen på Telavåg.
Telavåg var ein ynda stad for den illegale englandsfarten. I 1942 vart to tyske offiserar drepne i ei skotveksling under ei ransaking. Som hemn skulle bygda utslettast. Alt vart jamna med jorda. Heile folket vart kollektivt tekne til fange og straffa. Det telavågsfolket vart utsett for, vert definert som statsterrorisme.
Møtet er ope for alle.
Lett servering.
Lett servering.
