Lene Wetteland om Russlands åtak på Ukraina

Dato

Tid

Stad

Russlands åtak på Ukraina:
Korleis kan me oppnå rettferd for dei alvorlege overgrepa på sivile?

Russland gjekk til fullskala åtak på Ukraina for to år sidan, men har okkupert store delar av landet sidan 2014. Fleire tusen sivile – barn, lærarar, sjukepleiarar, snekkarar og andre, er savna og det er avdekka alvorlege overgrep. Korleis arbeider menneskerettsaktivistar med å dokumentere det som skjer og prøve å oppnå noko rettferd? Og korleis reagerer russarane på sanksjonar, utestenging og kritikk – har det nokon effekt?
Lene Wetteland er leiar av dokumentasjonsarbeidet til Den norske Helsingforskomité, og er nett komen tilbake frå ei reise til Kyiv. Ho har arbeida der med sivilsamfunn og menneskerettar i Russland, Ukraina, Armenia, Kasakhstan mfl sidan 2009, og har studieopphald i Kirgisistan og reiser i heile regionen bak seg. No er ho på gamle trakter i Austevoll og tek turen til Austevoll Folkebibliotek for å fortelje om sine erfaringar.
Dei som ynskjer å verta alliert av Helsingforskomiteen, kan støtte oss via denne lenka: https://bidra.nhc.no/
Velkomne!
Gratis inngang