Kommunedirektør Hogne Haugsdal

Senioruniversitetet: Møt kommunedirektør Hogne Haugsdal

Dato

Tid

Stad

Austevoll folkebibliotek

Korleis blir 2025 for oss som bur i Austevoll?

  • Kva utfordringar står Austevoll framfor i det nye året?
  • Korleis vil ein stram økonomisk styring påverke tenestetilbodet?
  • Vil nye økonomiske rammevilkår påverke tilbodet til eldre?

I dette møtet får du svara!

Kommunedirektør Hogne Haugsdal vil dele sine tankar om året som kjem, sett i lys av det nyleg vedtekne budsjettet. Dette blir eit spanande og uformelt møte spesielt tilpassa seniorane i Austevoll. Vi ser fram til ein god og engasjerande samtale om framtida for kommunen vår.

Arrangør: Senioruniversitetet i Austevoll