Ole Torp og boka "Dypet under ham. Min far, krigsseileren"

Senioruniversitetet: Ole Torp – “Dypet under ham. Min far, krigsseileren”

Dato

Tid

Stad

Austevoll folkebibliotek
Ole Torp, kjend journalist og tidlegare programleiar i NRK, er aktuell med boka Dypet under ham. Min far, krigsseileren. Han kjem til Senioruniversitetet og presenterer boka.
I over tretti år har Ole Torp grunna på historia om faren sin, Nic Torp, som gjennom seks år til sjøs opplevde frykt, dramatikk og tap. Mellom anna overlevde faren då skipet hans vart torpedert av ein tysk ubåt i Atlanterhavet.
Boka skildrar ikkje berre dei sterke krigsopplevingane, men også korleis desse prega faren og forholdet mellom far og son. Dette er ei gripande og tankevekkande forteljing om krig, familie og etterverknader.
Velkommen til eit møte med Ole Torp og korleis krig påverkar menneske og relasjonar.
Arrangør: Senioruniversitetet i Austevoll
Gratis for medlem,
100 kr for ikkje-medlem.