Villblomst med Thea Økland
Torsdag 4. mai kjem Thea Christine Økland til biblioteket og vil snakka om boka si Villblomst – Fra skyggekurèr til lobotomioffer, og prosessen bak skrivinga. I Villblomst nøster Thea Økland opp historia til tanta si, Kristi. Kristi går frå å vera kurer under krigen til å verta langtidsinnlagd psykiatrisk pasient og offer for lobotomi. Økland si utforsking driver boka framover og ho kjem innom fleire felt av interessante historier, som handsaminga av psykisk sjuke, lobotomi-operasjonar på Valen sjukehus, om krigen, om slekt og lagnaden til Kristi. Boka er også eit stykke lokalhistorie frå Austevoll.
Velkomen til ein spennande ettermiddag på biblioteket.
Gratis arrangement.