Bob Dylan og 1960-talet

Arrangement

Bob Dylan, den gamle meisteren på 77 år, dreg enno rundt med songane sine, og kvar ny generasjon ser ut til å finna eit meiningsinnhald i noko av det. Klassikarane hans er like kjære og aktuelle framleis. Dylan er tildelt Nobelprisen i litteratur, og sjølv oppsøkte han biblioteka som tenåring der han møtte den store litteraturen.

Dato / tid
29.01.2019, 18:00 - 19:30


Smooth Operators er ei gruppe på fire som representerer ulike generasjonar, og som har laga programmet «Den vonde bodberaren – Bob Dylan og 1960-talet». Som ein domsprofet frå det gamle testamentet, ofte med bibelske referansar, spytta han ut korleis det kom til å gå. Han var samfunnskritisk, og «Den vonde bodberaren» sparte ingen. Programmet er sett saman av 12 songar frå tiåret då Dylan mot sin vilje vart utropt som leiar og vegvisar for ein heil generasjon. Mellom songane får vi høyre korleis Dylan sin musikk og lyrikk utvikla seg. Det han syng om er på mange måtar like aktuelt no som det var den gongen. Smooth Operators tek også med ei fri omsetjing til norsk av tekstinnhaldet i kvar song.
Det vert ein dryg time med stort engasjement og god stemning.
Smooth Operators:
Jan Erik Kolaas, gitar.
Bjørn-Tore Henriksen,munnspel.
Kristoffer Foldøy, bass.
Christoffer Myking Henriksen, gitar.
Alle i gruppa syng.