Bokprat i biblioteket

Arrangement

Ny bokprat i biblioteket! Ta gjerne med ei bok du sjølv har lese, og som du har lyst til å snakke om.

Dato / tid
08.01.2019, 17:30 - 18:30


Dette er for deg som treng tips og inspirasjon til å komme i gang med lesing, eller for deg som verkeleg er glad i å lesa og har lyst til å fortelje om den siste boka du las. No vil vi prate bøkene ut av hyllene. Vi spanderer kaffi og noko enkelt å bite i. Leseinspirator Torill er klar til å snakka om bøker og både gje og få boktips!

Utanom vanleg bokprat vil bibliotekar Odd Harald halde eit mini-foredrag om Amalie Skram og Vigdis Hjorth. Foredraget vil handle om korleis Skram og Hjorth bruker andre forfattarar og tekster i sine eigne verk og kva funksjon det har.

For vaksne. Ver velkomen!