Ein person som underviser to andre personar. Illustrasjon.

Er du student?

Er du nettstudent eller studerer ved ein høgskule? Austevoll folkebibliotek legg til rette for at studentar kan bruke lokalet til gode arbeidsøkter, i tillegg til at me tilbyr ulike tenester knytt til studiane.

Austevoll folkebibliotek kan hjelpe studentar med desse tenestene:

  • Eit lokale med internett og straumuttak
  • Skjermar med HDMI-tilkobling
  • Kjelderettleiing
  • Vise korleis studentane sjølv kan bestilla aktuelt fysisk materiale, eller bistå med innlån av faglitteratur/pensumlitteratur
  • Peike på nyttige nettressursar og vegvisarar
  • Som student kan du med Nasjonalt lånekort få tilgang til meirope bibliotek i Austevoll folkebibliotek
  • Tilgang til skrivar frå biblioteket sine publikumsmaskiner
  • Biblioteket tilbyr gratis kaffi/te til studentar som vil sitte og jobbe i biblioteklokalet

Her har vi samla nokre gode nettressursar: 

Oria Søk i norske fag- og forskingsbibliotek sine samlingar. Logg på med din studentbrukar (Feide) for bestilling og tilgang til digitale ressursar

Kildekompasset Korleis referera til og vurdera kjelder

Zotero Gratis referansehandteringsverkty

Idunn Norske fag- og forskingstidsskrift. Mykje er ope tilgjengeleg, men for å få tilgang til alt må du gå via nettsidene til din studieinstitusjon

Spør ein bibliotekar (Høgskulen på Vestlandet)

Nettbiblioteket Søk i Nasjonalbiblioteket sine digitale samlingar

Hugs i tillegg at alle universitets- og høgskulebibliotek har svært mykje relevant informasjon på sine nettsider.

Ta kontakt om du har spørsmål om folkebiblioteket som ein studiestad.