Biblioteksamarbeid

Biblioteka i Sunnhordland har eit etablert samarbeid, og møtes fleire gongar i året for å drøfte ulike saker. Samarbeidet har vart i ei rekkje år, og me jobbar alle godt i lag for å skapa betre bibliotektenester til alle i Sunnhordlandsregionen.

logo
Logoen er ein stor S for Sunnhordland av flagrande bøker! Me samarbeider nært om ei rekkje ting som kjem deg som brukar til gode og gir kvar kommune i Sunnhordland eit betre bibliotek. Me har mellom anna hatt fine prosjekt saman, til glede for innbyggjarane i Sunnhordland.

Biblioteka som er med i samarbeidet er Austevoll, Bømlo, Etne, Kvinnherad, Sveio, Stord, Tysnes og Fitjar. Me er ulike, og me som jobbar i desse biblioteka har ulik kompetanse, men nett det er ein styrkje.

 

8  bibliotek – 8 turnear

Biblioteka i Sunnhordland søkte midlar frå Nasjonalbiblioteket og fekk støtte til prosjeket 8 bibliotek – 8 turnear.

Kvart bibliotek skal få erfaring med å arrangere ein turne som skal gå på fleire bibliotek i Sunnhordland. Først ute var Kofteturneen med Liv J. Sandvik Jacobsen.

I april vitjar Audun Myskja fleire bibliotek med kåseriet «Korleis hente ut eigne ressurser når livet røyner på».

Johanne Øvstebø Tvedten vil også vitje biblioteka i Sunnhordland med barneteaterforestillinga «Alice i eventyrland».

Fleire arrangement vil komme til hausten!

 

Me snakkast

Me snakkast er eit debattprogram der ein arbeider for å få ungdom til å debattere ulike emne. Redaktør for Framtida.no, Svein Olav Langåker har vore sentral i dette prosjektet.

Det har vore arrangert debattar i alle sunnhordlandkommunane, både i vidaregåande skule, ungdomsskule og gjennom ungdomsråd.

I Austevoll har det vore valdebatt og debatt om samferdsel.