Bli lånar

Lånereglane er vedteke i Austevoll kommunestyre. Sist revidert med mindre endringar den 21.08.2018.

eks4

Innmelding

Lånaren må minst vera 6 år (byrja på skulen dette året) for å få eige lånekort. Dersom lånaren er yngre enn 16 år, skal foreldre/ føresette skrive under på innmeldinga. Ved innmelding skal lånaren syne legitimasjon.

Sjå personvernerklæringa vår for informasjon om korleis vi handterer personopplysingane dine.

Lånaransvar

Lånaren kan ikkje overlata lånekortet til andre. Lånekortet er personleg, og lånaren er ansvarleg for alle lån som er registrert på eige lånekort. Lånaren skal melde frå om adresseendring. Lånaren skal halde greie på lånt materiale og levera det attende i rett tid. Ved tap av lånekort må det betalast kr. 10,- for å få nytt.

Lånerestriksjonar

Ved lån av video må lånaren vere merksam på avvikande lånetid i høve til anna materiale, og at biblioteket krev overdagspengar om filmane er levert for seint.
Lånetid for videofilmar er 1 veke. Film lånt ved biblioteket er til privat bruk. Aldersgrense for lån av film følgjer anbefalt aldersgrense på filmen. Biblioteket er ikkje ansvarleg for skader som måtte oppstå på avspelingsutstyr. Om ikkje bøker og anna materiale vert levert innan fristen, gjeld slike satsar for gebyr: 1. purring: Kr. 0,- (Påminning), 2. purring: Kr. 25,-, 3. purring: Kr. 75,-, 4. purring: Rekning for ikkje innlevert materiale kan betalast med Vipps: #519579, ellers sender økonomikontoret i kommunen ut rekning.
Lånetid for bøker er 4 veker, men lånaren kan få utvida lånetid på førespurnad. Lånaren kan få inndrege lånekortet dersom lånereglane ikkje vert følgde.

Utvida lånetid

Lån kan fornyast ved vitjing i biblioteket, over telefon, på Mine sider på internett eller direkte i Bibliofil-appen.

Reservering

Det er høve til å reservera utlånt materiale. Lånaren får då melding når reservert materiale kan hentast på biblioteket. Tenesta er gratis.

Fjernlån

Mykje av materialet som ikkje er å finna i bibliotekets samlingar, kan lånast inn frå andre bibliotek. Tenesta er gratis. Lån av alle typar materiale er gratis. Dersom lånt materiale ikkje kjem attende til biblioteket, eller materialet er skadd, har lånaren erstatningsansvar. Lånaren må då betala vederlag etter bibliotekets verdsetjing av materialet.