Lån ein austevolling!

Sosiale møte er viktige for oss som menneske. Difor etterlyser vi austevollingar som kan vera med og invitera til uformell samtale med kvarandre i Austevoll folkebibliotek.

Medmenneske

Me håper både innbyggjarar og innvandrarar vil bli med oss og gje ein time av tida si til ein medborgar. Kanskje kan denne eine timen utgjere ein stor skilnad for eit anna menneske.

Vil du bruke litt av tida di til å snakke med eit menneske du ikkje kjende frå før? Lån, eller bli lånt, på biblioteket.

Korleis låne ein Austevolling? 

Velkomen til alle som vil møta andre menneske og bli kjende med kvarandre på biblioteket!