Me tilbyr
På biblioteket kan du finne:
- Tusenvis av bøker av alle slag
- Aviser og tidsskrifter
- Lydbøker, filmar og spel
- Teikneseriar
- Gode sofaer
- Stadar til å lese og studere
- Selbjørn fiskerisogelag har si samling av bøker ståande i biblioteket. Det meste av dette materialet er søkbart i katalogen og tilgjengeleggjort for utlån.
Alle er velkomne i biblioteket. Du kan lesa bøker, aviser, tidsskrift, bruka PC, arbeida med studie og lekser – eller rett og slett slå av ein hyggeleg prat med andre bibliotekgjester. Barna dine kan kose seg i barneavdelinga med spel, puslespel eller teikning. Dersom du vil låna med deg noko heim, eller lasta ned e-bøker, til dømes heimefrå, må du ha lånekort.
Lånekort
Alle barn i Austevoll kommune kan få lånekort frå fylte 6 år. Barn under 16 skal ha godkjenning frå foreldre. For å lage lånekort treng me namn, adresse og fødselsdato, eventuelt telefonnummer og e-postadresse. Dei lånekorta som brukast no, kan brukast i bibliotek over heile landet, når du vert registrert med fullt personnummer.
Om du ikkje kan koma innom biblioteket kan du få digitalt nasjonalt lånekort ved å registrera deg som lånar her: Nasjonalt lånekort
Innleveringskasse på Storebø
No kan du levere attende lånte bøker og anna materiale på Storebø.
Det er frå januar 2017 plassert ut ein ny bokkasse inne i inngangspartiet ved den nye Coop Extra-butikken på Storebø. Kassen vil bli tømt av Bring kvar måndag og fredag, og bøkene levert attende til folkebiblioteket i Bekkjarvik. Vi håper og trur at dette kan verta lettare for dei som bur i dei nordlegaste delane av kommunen, om dei ikkje har høve til å reise til folkebiblioteket sjølv for å levera bøker i rett tid.