Aviser og tidsskrift

2014-02-04 12.30.37

Aviser

Avisene er ikkje til heimlån, men kan lesast i biblioteket i opningstida.

Me har abonnement på: Dag og tid,  Bergens Tidende, Sunnhordland, Marsteinen og Fiskeribladet Fiskaren.

Tidsskrift

Alle tidsskrifta er til utlån, forutan siste nummer. Siste nummer kan lesast på biblioteket, og vert til utlån når det kjem eit nytt nummer.

Samlinga omfattar publikasjonar om litteratur og kunst, politikk og samfunn, handarbeid, hage, jakt og fiske, vitskap og historie, teater, foreldre og barn, reise, interiør og båt – noko for ein kvar smak!

Utvalet er ei blanding av gratisabonnement frå Norsk kulturfond, og medlemsblad, tidsskrift og vekeblad vi sjølv vel ut. Dersom du har innspel og forslag til tidsskrift som har allmenn interesse, vil vi gjerne høyra det!

 Me kan òg tilby omlag 5000 aviser og tidsskrift på 60 ulike språk, elektronisk frå PressReader.