Bli lånar

Innmelding

Lånaren må minst vera 6 år (byrja på skulen dette året) for å få eige lånekort. Dersom lånaren er yngre enn 16 år, skal foreldre/ føresette skrive under på innmeldinga. Ved innmelding skal lånaren syne legitimasjon.

Sjå personvernerklæringa vår for informasjon om korleis vi handterer personopplysingane dine.

Lånaransvar

Lånaren kan ikkje overlata lånekortet til andre. Lånekortet er personleg, og lånaren (eller lånaren sin føresette) er ansvarleg for alle lån som er registrert på eige lånekort. Lånaren skal melde frå om adresseendring. Lånaren skal halde greie på lånt materiale og levera det attende i rett tid. Ved tap av lånekort må lånaren logge seg inn på bibliotekkortet.no via ID-porten for å henta sitt digitale lånekort.

Lånerestriksjonar

Film lånt ved biblioteket er til privat bruk. Aldersgrense for lån av film følgjer anbefalt aldersgrense på filmen. Biblioteket er ikkje ansvarleg for skader som måtte oppstå på avspelingsutstyr. Om ikkje bøker og anna materiale vert levert innan fristen, gjeld slike satsar for gebyr: 1. purring: Kr. 0- (Påminning), 2. purring: Kr. 40,-, 3. purring: Kr. 40,-, 4. purring: Rekning for ikkje innlevert materiale kan betalast med Vipps: #519579, elles kan økonomikontoret i kommunen sende rekning.
Lånetid for bøker er 4 veker, men lånaren kan få utvida lånetid. Lånekortet kan bli sperra dersom lånereglane ikkje vert følgde.

Utvida lånetid

Lån kan fornyast ved vitjing i biblioteket, over telefon, på Mine sider på internett eller direkte i Bibliofil-appen. Fjernlånt materiale (bøker og filmar innlånt frå andre bibliotek) kan ikkje fornyast anna enn ved kontakt med eigarbiblioteket, via bestillande bibliotek.

Reservering

Det er høve til å reservera utlånt materiale. Lånaren får då melding når reservert materiale kan hentast på biblioteket. Tenesta er gratis.

Digitalt lånekort

Om du ikkje kan koma innom biblioteket kan du få digitalt lånekort ved å registrera deg som lånar her.

Fjernlån (lån frå andre bibliotek)

Mykje av materialet som ikkje er å finna i bibliotekets samlingar, kan lånast inn frå andre bibliotek. Tenesta er gratis. Lån av alle typar materiale er gratis. Dersom lånt materiale ikkje kjem attende til biblioteket, eller materialet er skadd, har lånaren (eller lånaren sin føresette) erstatningsansvar. Det må då betalast vederlag etter bibliotekets verdsetjing av materialet. Fjernlånt materiale (bøker og filmar innlånt frå andre bibliotek) kan ikkje fornyast anna enn ved kontakt med eigarbiblioteket, via bestillande bibliotek. Tilgangen til å fjernlåna pensumlitteratur er i mange tilfelle begrensa av læringsinstitusjonane (eigarbiblioteka).

Felles tenesteerklæring for fjernlån i Vestland

Kva er fjernlån?

  • Fjernlån er lån mellom bibliotek. Dersom du ikkje finn det du leitar etter på biblioteket, kan det bestillast frå andre bibliotek.
  • Fjernlån er gratis for lånaren.
  • Du kan bestille fjernlån sjølv på bibsok.no, eller du kan be biblioteket om å bestille for deg.

Kven kan få fjernlån?

Kva kan du bestille?

  • Nesten alt som finst i norske bibliotek kan lånast inn, med unntak av nokre digitale ressursar som berre er tilgjengelege for studentar via universitet og høgskular.
  • Nye, populære bøker og bøker som finst i biblioteket si eiga samling kan du  vanlegvis ikkje låne inn frå andre bibliotek. Du vil bli sett på venteliste i ditt eige bibliotek.
  • Biblioteket kan bestille inn fleire eksemplar av same tittel til lesesirklar. Ver ute i god tid, og ikkje sikt på nye, populære bøker.
Pensumlitteratur

Universitet og høgskular forventar at studentane kjøper inn sentralt pensum sjølve, og du kan ikkje vente at biblioteket låner inn materiale frå pensumlister til deg.

Av og til treng du berre eit kapittel eller to, eller du treng støttelitteratur som supplement eller fordjuping. Til slike føremål har nokre studiestader eksemplar til utlån. Dette kan du låne inn via bibsok.no, og velje ditt lokale folkebibliotek som hentestad. Ver merksam på at du vert ståande på den same ventelista som dei studentane som reserverer materialet i campusbiblioteka sine samlingar.

Vi oppmodar deg om å gjere deg kjent med om noko av materialet er tilgjengeleg digitalt gjennom open access eller gjennom studentpålogging, slik at vi ikkje sender materiale fysisk dersom det ikkje er naudsynt. Det er raskare for deg, og betre bruk av ressursane for biblioteka.

Elevar, lærarar og privatistar ved vidaregåande skular kan kontakte skulen sitt bibliotek om pensumlitteratur eller bestille sjølv dersom materialet er tilgjengeleg for fjernlån i bibsok.no.

Kor lenge kan du halde på fjernlånt materiale?

Eigarbiblioteket bestemmer lånetid og andre vilkår for fjernlånt materiale.

Reglar for bruk av spelerommet

Du må vera 7 år gamal og ha lånekort.
Lån utstyr og spel i skranka.
Rydd og lever utstyret når du er ferdig.
Speletid er 1 time, om ingen ventar kan du spela i ein time til.
Ta vare på utstyret. Om noko vert øydelagt, må det erstattas.
Ingen mat eller drikke i spelerommet.
Hugs å vera grei med kvarandre.
Bruk innestemme.
Oppslag om gjeldande opningstider står på døra.