Boka kjem
Har du problem med å koma deg til biblioteket?
«Boka kjem» er eit gratis tilbod for funksjonshemma, eldre, sjuke og andre som ikkje kjem seg ut.
Du kan få bøker heim til deg om du ikkje sjølv kan koma til biblioteket. Lånetida kan avtalast når du tek kontakt.
Til hjelp med bokval kan du søke etter bøker her i bokkatalogen vår.
Ta kontakt med biblioteket anten på e-post eller på tlf 55081210 dersom du ynskjer å nytta deg av dette tilbodet. Biblioteket og Austevoll frivilligsentral samarbeider om å bringe bøkene ut til deg.
