
Meirope bibliotek
Korleis?
Skriv under på kontrakten og lever den til personalet, så får du avtale om tilgang til biblioteket utanom bemanna opningstid. Du kjem inn på biblioteket ved å lese av lånekortet i kortlesaren ved inngangen og taste pin-kode.
Kven?
Tilbodet gjeld for alle registrerte lånarar som er 16 år eller eldre. Dersom du er mellom 16 og 18 år, må ein føresett skriva under på kontrakten.
Born kan nytte tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen som har tilgang. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg.
Det vil vere personale i biblioteket i delar av den ubemanna opningstida, for å gjera kontorarbeid. Treng du hjelp – ver gild å kome i den bemanna opningstida.
Bibliotekkortet.no
Lånenummer og pin-kode kan du finna ved å gå inn på nettsida www.bibliotekkortet.no. På sida loggar du deg inn gjennom ID-porten og får tilgang til informasjon og kan administrera brukaren din.
Vårt felles bibliotek
Det meiropne biblioteket byggjer på tillit mellom brukar og bibliotek. Det er vår felles eigedom og skal vere til glede og nytte for alle – du bør derfor passe godt på det og halde ro og orden!
Tilgang og bruk
- Før du kan nytte tilbodet må du signere ei kontrakt der du skriv under på at du har lese vilkåra for meirope bibliotek.
- Lånekortet og pin-koden er personleg og skal ikkje brukast av andre.
- Born kan bruke tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg.
- Biblioteket kan stengje tilgangen for brukarar som bryt vilkåra. Gjer du hærverk eller øydelegg noko er det du som er økonomisk ansvarleg. Alvorlege tilfelle vert meldt.
- Du kjem inn på biblioteket ved å registrere lånekortet i kortlesaren ved inngangsdøra, samt taste pin-koden.
- Det kjem melding over høgtalarane når biblioteket er i ferd med å stengje, ver vennleg å forlate biblioteket i god tid for å unngå at alarmen vert utløyst.
Servicetilbod
Når biblioteket ikkje er bemanna, er du sjølv ansvarleg for å nytte deg av dei tilgjengelege tenestene på ein forsvarleg måte.
Merk: Du kan ta utskrift direkte frå datamaskinane. Scanning av dokument til e-post må gjerast av personale i bemanna opningstid. Me tek kr 2,- i avgift pr utskrift. Betaling skjer med Vipps til Austevoll folkebibliotek #51 95 79.
Merk: All form for lån av materiale må gjerast på automaten! Unntak: Blad og tidsskrifter, som lånaren sjølv kan registrere manuelt på lappar som er lagt ut på skranken (siste nummer kan ikkje lånast ut av biblioteket). Fjernlånte bøker (bøker som er innlånt frå andre bibliotek) kan som regel ikkje lånast ut på automaten og må difor hentast i bemanna opningstid. All innlevering av materiale skal leggast i innleveringsboksen som står ved sida av utlånsautomaten og utanfor inngangsdøra til biblioteket.
Skulle det oppstå ein feil med utstyret slik at du ikkje får lånt, kom attende i den bemanna opningstida, så vil personalet hjelpe deg.
Korleis bruke automaten
- Vel teneste (Utlån) og trykk på symbolet.
- Legg kortet med strekkoden opp og juster det slik at kortet blir scanna.
- Legg materialet på bordet. Kontroller at talet på bøker og anna materiale er likt med talet som står på skjermen.
Merk: Trykk på «Kvittering» om du vil ha utskrift.